Konkursrådets årsberetning 2013
Konkursrådets årsberetning for 2013 er et utdrag av Statens Sivilrettsforvaltning sin årsrapport for 2013. Fra 1. januar 2013 ble administreringen av Konkursrådet flyttet til Statens Sivilrettsforvaltning. Som en følge av dette ble også Konkursrådets rapportering innlemmet i Statens Sivilrettsforvaltning sin årlige rapportering til Justis- og beredskapsdepartementet. Konkursrådet og dets sekretariat er omtalt i årsrapportens kapittel 9 på side 31. Statens sivilrettsforvaltning sin årsrapport for 2013 kan leses i sin helhet her.
KONKURSRÅDET MED SEKRETARIAT
Konkursrådet er eit statleg oppretta organ med ein rådgivande og rettleiande funksjon. Rådet skal arbeide for ei effektiv, praktisk og resultatorientert insolvensbehandling innanfor ramma av gjeldande lover og forskrifter, og fremje ei harmonisering av praksis. Vidare skal Konkursrådet medverke til ei samordna og målretta førebygging av og ein kamp mot konkurskriminalitet.
Konkursrådet er premissleverandør innanfor konkursrett og insolvensbehandling i Noreg. Konkursrådet har eit breitt kontaktnett blant fagfolk og andre som kjem i kontakt med konkursinstituttet, og medverkar gjennom arbeidet sitt til å opplyse og informere om gjeldande rett og god praksis på området.
Rådet består av leiar og seks medlemmer og blir nemnt opp for tre år. Noverande råd er nemnt opp for perioden 01.01.13–31.12.15.
Statens sivilrettsforvaltning har frå og med 01.01.13 teke hand om sekretariatfunksjonen for Konkursrådet. Sekretariatet skal blant anna gi rådet administrativ og fagleg bistand.
Konkursrådet – verksemda 2013
Konkursrådet har i 2013 konsentrert seg om å betre kunnskapen om konkurs og fremje samarbeidet mellom dei ulike aktørane i konkursbubehandling (domstolar, kontrolletatar, bustyre, revisor og politi).
Rådet sitt grunnkurs i bubehandling blei halde i Bergen i oktober. I arbeidet sitt for å målretta førebyggje og kjempe mot konkurskriminalitet har Konkursrådet eit samarbeid med bukoordinator i Oslo om oppfølginga av straffbare forhold i konkurs. Konkursrådet og Oslo politidistrikt har halde eit fellesseminar om bukoordinator-ordninga og om korleis ein går fram ved straffbare forhold i konkursar.
Konkursrådet har i 2013 halde fram samarbeidet sitt med Konkursregisteret for å utvide busida, slik at ein større del av bubehandlinga skal kunne gå føre seg elektronisk. Konkursrådet har også vore med i arbeidet med forslag til lovendringar. Konkursrådet har gjennomført ein studietur til Berlin med fordjuping i det tyske gjeldsforhandlingsregelverket. Rådet var også representert på den årlege konferansen om insolvens til IAIR (International Association for Insolvency Regulators) i Skottland. Medlemmer i Konkursrådet har halde foredrag om konkurs og nærskylde emne gjennom året. Det har også vore ei prioritert oppgåve å oppdatere det faglege innhaldet på nettsida til Konkursrådet (www.konkursradet.no) og utvikle ei plattform for ny nettside.
Sekretariatet for Konkursrådet – verksemda 2013
Etter at Statens sivilrettsforvaltning overtok sekretariatfunksjonen, er det etablert rutinar for arbeidsoppgåver i tilknyting til sekretariatsfunksjonen for Konkursrådet.
Sekretariatet yter hjelp etter behov og i jamn dialog med leiaren for rådet. For året 2013 har arbeidet i sekretariatet bestått av administrativ hjelp til å avvikle ordinære konkursrådsmøte og grunnkurs, i tillegg til eksterne møte og arrangement i samband med oppfølginga av dei ulike prosjekta som Konkursrådet har vore involvert i. Vidare har sekretariatet hjelpt til med å kjøpe inn og etablere ny internettside.
Gjennom året har Konkursrådet, ved sekretariatet, teke imot og svart på ei rekkje førespurnader frå private og profesjonelle aktørar innanfor konkursbehandling. Konkursrådet tek ikkje stilling til spørsmål i enkeltsaker, men prøver å yte generell rettleiing om alminneleg lovforståing og generell praksis innanfor konkursinstituttet.
Konkursrådet – 2014
I 2014 vil Konkursrådet sjå nærare på koordineringa av innsatsen frå ulike offentlege organ i samband med bubehandlinga. Vidare vil Konkursrådet arbeidet for å styrkje den faglege kompetansen hos dei organa som er involverte i konkursbubehandling, til dette høyrer å arrangere seminar og konferansar i tillegg til å delta på dei arenaene der det er naturleg at Konkursrådet er representert.
Konkursrådet vil også i 2014 arrangere grunnkurs, dette skjer i Trondheim. Vidare har Konkursrådet merksemda retta mot å følgje opp straffbare forhold i konkursar og å utvikle vidare den elektroniske busida.
Nettsida til Konkursrådet fungerer som eit heilt sentralt arbeidsverktøy for mange av aktørane i bubehandlinga, og oppdatering av innhald og struktur på nettsidene til Konkursrådet blir prioritert i 2014. Som følgje av det aukande engelskspråklege innslaget innanfor konkursbehandling i Noreg planlegg Konkursrådet også å publisere engelske omsetjingar av norsk konkurslovgiving i løpet av året. Konkursrådet fyller 20 år i 2014 og vil derfor arrangere ein jubileumskonferanse. Konferansen skal vere fagleg orientert og rette seg mot alle aktørar innanfor insolvensbehandling.