Konkursrådets årsberetning 2015
1. Innleiing
Konkursrådet er oppnemnt av Justis- og beredskapsdepartementet.
Gjennom det arbeidet Konkursrådet har drive i over 20 år, er rådet blitt godt kjent som premissleverandør innanfor konkursrett og insolvensbehandling i Noreg. Konkursrådet har eit breitt kontaktnett blant fagfolk og bidrar gjennom arbeidet sitt til å opplyse og informere om gjeldande rett og god praksis på området.
Konkursrådet er sett saman av leiar og sju medlemmer. Det sitjande rådet er oppnemnt for perioden frå 26.01.16 til 21.12.18. Mandat for og samansetjing av Konkursrådet er omtalte her.
Statens sivilrettsforvaltning tek hand om sekretariatsfunksjonen for Konkursrådet og hjelper rådet administrativt og fagleg.
2. Konkursrådet
2.1 Verksemda i Konkursrådet i 2015
Konkursrådet har i 2015 arbeidd for å auke kunnskapen om konkursbehandling og for å fremje samarbeidet mellom dei ulike aktørane (domstolar, kontrolletatar, bustyre, revisor og politi). Konkursrådet heldt grunnkurset sitt i bubehandling i Kristiansand i april med deltakararar frå domstol, bustyrarmiljø, skatt, revisjon og politi.
I arbeidet sitt for ei målretta førebygging og nedkjemping av konkurskriminalitet har Konkursrådet løpande samarbeid med bu-koordinator i Oslo for å følgje opp straffbare saker knytte til konkurs.
Konkursrådet har medverka i satsinga som regjeringa har sett i verk mot arbeidslivskriminalitet, ved å ta del i ei arbeidsgruppe for å etablere nasjonale bu-koordinatorstillingar.
I juni 2015 var Konkursrådet på studietur til Sverige. Konkursrådet gjesta Kronofogdemyndigheten, Ekobrottsmyndigheten og advokatfirmaet Wistrand. Besøket gav nyttige innspel og erfaringar og la grunnlaget for å etablere eit konkurssamarbeid mellom nordiske styresmakter.
I september blei det halde eit dagsseminar om rolla til kreditorutvalet i samband med konkursar. Dette var eit samarbeidsprosjekt med Konkursrådet, Oslo byfogdembete, Oslo kemnerkontor og Skatt Aust. Seminaret skulle bidra til auka innsikt i korleis bustyra og kreditorutvalet best mogleg kan handtere rolla som bustyre i bubehandlinga.
Konkursrådet har i innspel til departementet rådd til å slå saman og forenkle dei offentlege garantiordningane for framleis bubehandling i bu utan tilstrekkelege midlar. I dag eksisterer det fleire garantiordningar med til dels overlappande formål og nedslagsfelt. Det blir vurdert som ressurssparande og effektiviserande å slå saman ordningane.
I 2015 heldt Konkursrådet fram med samarbeidet med Konkursregisteret for å utvide tenesta Konkursbehandling i Altinn, slik at ein større det av bubehandlinga skal kunne skje elektronisk. Dette er eit ressurssparande og effektiviserande tiltak i kvardagen til bustyra.
Konkursrådet har også gitt ein uttale om behovet for å endre regelen i pantelova § 6-4 om legalpant. Uttalen kan lesast her.
Det er delt ut to studentstipend i 2015 for masteroppgåvene «Rettsvernet for avtalte sikkerhetsretter i egne pengeforpliktelser» og «Nordiske tingsinnbegrepspant – en sammenligning av sikringsstadiet».
2.2 Konkursrådet i 2016
Konkursrådet vil i 2016 arbeide for å styrkje den faglege kompetansen hos aktørane som er involverte i konkursbehandling, og det kjem også i 2016 til å bli arrangert eit grunnkurs i bubehandling. Vidare vil konkursrådet ta del i eit nyetablert nordisk konkurssamarbeid med svenske, danske og finske styresmakter.
I 2016 vil Konkursrådet rette merksemda mot å følgje opp straffbare saker knytte til konkurs, mot å etablere bu-koordinatorar i fleire politidistrikt og mot å koordinere den innsatsen ulike offentlege organ gjer i samband med bubehandlinga. Vidare vil Konkursrådet arbeide for å betre samspelet i kreditorutval ytterlegare i 2016. I løpande samarbeid med Konkursregisteret og Føretaksregisteret vil konkursrådet i også i 2016 bidra til å vidareutvikle tenesta konkursbehandling i Altinn, den elektroniske bu-sida.
Nettstaden til konkursrådet fungerer som eit sentralt arbeidsverktøy for mange av aktørane i bubehandlinga. Arbeidet med å oppdatere innhald og struktur på nettsidene til konkursrådet kjem til å halde fram.
Vidare kan det bli aktuelt for Konkursrådet å arrangere andre fagarrangement, og vidare å ta del på dei arenaene der det er naturleg at Konkursrådet er representert.
3. Sekretariatet
3.1 Verksemda i sekretariatet i 2015
Sekretariatet skal leggje til rette for å sikre at oppgåvene og prosjekta til Konkursrådet blir følgde opp på ein god måte. Sekretariatet har i 2015 ytt løpande administrativ og juridisk bistand til rådet. Sekretariatet behandlar førespurnader etter kvart som dei kjem inn. I tillegg er sekretariatet hele tida med på å følgje opp verksemda i konkursrådet.